Mobbeombodet i Vestland

Hildegunn Hodneland er mobbeombod for barnehagebarn og elevar i grunnskulen. Mobbeombodet jobbar for at barn og elevar skal ha det trygt og godt. Ho kjenner rettane til barn og unge, og kan fortelje korleis du går fram om eit barn ikkje har det bra. Alle kan ta kontakt med mobbeomboda. Ho har teieplikt, og kjem ikkje til å seie noko vidare utan at du ønskjer det.