Sogn og Fjordane Energi ut av vindkraft!

Dette oppropet vil bli overlevert til Vestland fylke og kommunane i fylket, som eiger selskapet både direkte og via BKK:

opprop_SFE2.png

Kjære folkevald,

Sogn og Fjordane Energi (SFE) har utvikla vindkraftprosjekta Haramsøya, Stadlandet, Bremangerlandet, Hennøy og Lutelandet. Haramsøya blei seld vidare i 2018, og italienske Gruppo Falck har gått i partnarskap med finansiering til Hennøy og Stadlandet.

Samtlege prosjekt ligger midt i vårt tettaste fugletrekk, kysttrekket med millionar av arktisk hekkande fugl, og utgjer samla ein eksistensiell trussel mot raudlista artar. Dette er eit globalt viktig økosystem som vi har lovd å beskytte i bindande avtalar med europeiske og afrikanske land. SFE ynskjer å øydelegge dette for det som i den store samanhengen er småpengar i profitt, ein profitt som kjem frå subsidiar som straumkundane må betale. Dette er heilt uakseptable planar frå eit offentleg eigd selskap.

Opprøret på Haramsøya og Stadlandet viser at prosjekta manglar lokal forankring. Fylkesmannen i Vestland er svært kritiske til prosjekta og seier godkjenningane bygger på eit feilaktig og villeiande kunnskapsgrunnlag. I nasjonal ramme for vindkraft vart alle områda ekskludert av Miljødirektoratet og NVE som ueigna for vindkraft på grunn av store konfliktar med sjeldne landskap, fugl og flaggermus. På Bremangerlandet vil SFE overkjøre lokaldemokratiet med statleg tvangsplan, og stevnar grunneigarane i retten for å ekspropriere til seg arealet. Då Bremanger kommune har heile 2/3 av kraftproduksjonen i konsernet, er dette eit alvorleg faresignal til alle verts- og eigarkommunar om kva som ventar i framtida av press og tvang for å ta nye naturområder i regionen til vindindustri.

Prosjekta til SFE er små, men er likevel blant dei mest konfliktfylde i Norge. Dei vil ikkje vere viktige for kraftforsyninga og er plasserte i områder med stort kraftoverskot. Dei genererer sterk motstand og avmakt som svekker truverdet og oppslutninga til det grøne skiftet. Dette vert forsterka av at fleire av prosjekta legg opp til omfattande graving og bygging i viktige myrareal. Klimaprofilen til prosjekta er dermed i motstrid til einkvar ambisjon om omstilling til eit lavutsleppssamfunn.

Meiningsmålingar både frå i fjor og i år viser at det er klart fleirtal på Vestlandet mot all vindkraft på land. I urørt natur, der alle prosjekta til SFE er, aukar dette fleirtalet så mykje at det berre er ein svært liten minoritet som tykkjer utbygging er akseptabelt. Politikarane i Vestland fylke har lytta til dette og vedteke i sin styringsplattform at ein er i mot alle vindkraftprosjekt i viktige naturområder, samt prosjekt som manglar lokal forankring. Fleirtalet av eigarkommunane har også vedteke sin motstand mot vindkraft i fleire samanhengar. Dette må no følgast opp.

Fylket og kommunane forvaltar eigarskapet i SFE på vegne av innbyggarane, og med dette oppropet seier vi tydeleg frå at vi ikkje har samvit til å vere medansvarlege i øydeleggingane. Vi krev at eigarane tek ansvar for SFE sitt sviktande samfunnsansvar, og følgjer si plikt til å få selskapet tilbake på ein samfunnsteneleg kurs.

Vårt krav er krystallklart - Sogn og Fjordane Energi må trekkast ut av vindkraft. Trekkfuglane og selskapet sitt omdøme må reddast. Alle vindkraftprosjekt som ikkje er ferdig utbygt, anten dei er heileigde eller deleigde, må stoppast no.

Signer dette oppropet

Ved å signere gir jeg Jørund Nygård fullmakt til å overlevere informasjonen som jeg gir på dette skjemaet til de som har mulighet til å gjøre noe med denne saken.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.







Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...